Meiner Kongsberg Maritime går for ei styrt nedlegging av maskineringsavdelinga i Ulsteinvik:

– Dette var det siste vi trengde, positiviteten er erstatta med uro

Klubbleiarane blant dei tillitsvalde ved Ulsteinvik-avdelinga er sterkt kritiske til at mange lokale arbeidsplassar no kan forsvinne.

Skuffa:Dei tillitsvalde ved Kongsberg Maritime si Ulsteinvik-avdeling er sterkt kritiske til det dei meiner er planar om å gradvis legge ned maskineringsavdelinga ved anlegget - og gradvis setje ut denne produksjonen til andre land. Frå venstre ser ein Tommy Myrene i Negotia, Jan-Ove Gjerde i NITO, Steffen Hasfjord i Tekna, Lars Bjørdal og Sverre Thorsø - høvesvis nestleiar og klubbleiar i Fellesforbundet, og Håkon Ulstein, nestleiar i FLT. FOTO: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL. 

Næringsliv

(Vikebladet Vestposten): – Dette vil vere ein katastrofe for den lokale kompetansen, og for heile den maritime klynga. Dette var det siste vi trengde, positiviteten vi hadde til Kongsberg etter at dei tok over er no erstatta med uro, seier Sverre Thorsø, klubbleiar for Fellesforbundet ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik.