Racer endrar namn

Etablerer seg også i Oslo.

Ölav Sindre Kriken er byråleiar for Visma Digital Marketing, tidlegare Racer.  Foto: Pressefoto

Næringsliv

Ålesund-selskapet Racer melder om namneendring. Frå fredag heiter selskapet Visma Digital Marketing.

Racer starta i Ålesund i 2011, med digital marknadsføring som eitt forretningsområde. Same år oppretta dei kontor i Ørsta. I 2017 fusjonerte selskapet med Avento AS, som blei selt vidare til Visma i 2019.

Olav Sindre Kriken i Ålesund skal framleis vere leiar for byrået. Han opplyser at dei har åtte tilsette i Ålesund og fire i Ørsta.

No har dei også etablert seg i Oslo, med to tilsette.

– Dette er eit ledd i å styrke vår marknadsposisjon utanfor Møre og Romsdal, og skal vere med på å løfte satsinga nasjonalt og internasjonal, står det i pressemeldinga.