Kongsberg-sjefen møtte Brattvåg-tilsette:

Har klart å snu negativ trend

Etter fleire år med tap har fabrikken til Kongsberg Maritime i Brattvåg klart å snu trenden. No rår optimismen på anlegget.

Omvising: Sverre Ulstein Fjørtoft forklarer Geir Håøy litt om produksjonen i Brattvåg. Til høgre er Finan Andemeske, som nyleg blei ferdig med lærlingeperioden sin, og er fast tilsatt i Brattvåg frå august.   Foto: Marius Simensen

Næringsliv

– Eg er storfornøgd med det dei har fått til på relativt kort tid. Det er veldig imponerande, seier Geir Håøy, konsernsjefen i Kongsberg Gruppen.