Sykkylven:

Statsministeren klipte snora for ny fabrikk

Bedrifta Innovern i Sykkylven er godt i gang med å produsere 20 millionar munnbind. Tysdag stod statsminister Erna Solberg for snorklipping og offisiell opning av fabrikken.

Fabrikkopning: Statsminister Erna Solberg fekk æra av å opne Innovern, som syr munnbind til eingangsbruk i helsevesenet.  Foto: Nils Harald Ånstad

Næringsliv

– De fortener ei varm takk og ein stor applaus, sa statsminister Erna Solberg før ho klipte snora og opna den nye bedrifta Innovern AS i Sykkylven tysdag.