Har 50 tilsette i sving - håper på sal av plattformforsyningsskipet før nyttår:

– Det er framleis bra interesse

Administrerande direktør Kjetil Bollestad er optimistisk til tida framover for Green Yard Kleven.

Håper på sal før nyttår: Administrerande direktør i Green Yard Kleven, Kjetil Bollestad - står her framfor plattformforsyningsskipet - som er til sals.   Foto: Marius Simensen

Næringsliv

(Vikebladet Vestposten:) Med dei siste oppdraga for Hurtigruten og Boa Barges, høvesvis ombygging av MS Vesterålen – med installering av nytt gangvegsystem om bord – og ytterlegare arbeid på lekteren «Boa Barge 33» har aktivitetsnivået på verftet henta seg kraftig opp i det siste. Rundt 50 tilsette er i sving, fortel administrerande direktør Kjetil Bollestad.