Ølprodusentane på Sunnmøre:

Norske kundar berga bryggeria

Lokale ølbryggeri frykta det verste då Norge stengde ned i mars. No kan dei slå fast at 2020 blir like bra som året før.

Moderne: Trollbryggeriet i Liabygda har investert i mykje nytt utstyr dei siste åra. Omvisar på bildet er medeigar Jørund Ringset. Arkivfoto: Terje Engås 

Næringsliv

– Det gjekk langt betre enn venta. Rett nok har det knapt vore aktivitet i Trollstova vår, der vi brukar å servere lokal mat og øl til grupper og lag. Men det vi tapte der har vi teke igjen på auke i salet av ølet vårt i daglegvarehandelen.