Har sendt inn krav til konkursbuet: – Står att to månaders arbeid i basishallen

Byggjearbeidet ved basishallen i Stryn har stått stille etter at Hugaas Entreprenør slo seg sjølv konkurs 17. desember.

Stått stille: Arbeidet har stått stille sidan konkursen, og det står att anslagsvis to månaders arbeid for å gjere basishallen ved Arena Stryn ferdig. På veggen mot sør manglar blant anna ein port. FOTO: BENGT FLATEN 

Næringsliv

(Fjordingen)Torsdag leverte utbyggjaren Stryn Turn & Idrettslag krav til konkursbuet, med grunnlag i gjenståande arbeid.