No skal 140 tilsette ut og bruke pengar lokalt

– Flott! Eg likar å mekke bil og skal bruke pengane til verktøy, smiler Joar Folkestad. Han er av dei 140 tilsette ved Brunvoll i Volda som har fått gåvekort på 5.000 kroner som skal brukast i lokale bedrifter.

Gåvekort: Administrerande direktør Hallvard Pettersen (t.v.) og HR-direktør Caroline Hjellegjerde-Aam delte tysdag ut gåvekort for 700.000 kroner. Jakob Leite og Joar Folkestad skal handle lokalt, til glede for lokalt næringsliv.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Før jul blei det kjent at Brunvoll gir ei ekstraordinær gåve til sine tilsette i koronaåret. Tysdag var leiinga ved Brunvoll i Volda rundt og delte ut «Voldakortet» til dei tilsette.