Strid om rekning avgjort i retten

Slik blei bedrifta svindla av hackarar

Hackarar klarte å lure til seg over 120.000 kroner gjennom ein falsk e-post. Tingretten meiner dei som betalte burde oppdaga at e-posten var falsk, men også at mottakar hadde for dårleg datasikkerheit.

Hacking: Internettsvindel er eit kjent samfunnsproblem. Dette gjeld hacking, phishing, falske e-postar og nettsider, og dette krev at ein kvar viser aksemd ved behandling av e-postar, skriv tingretten i dommen. Illustrasjon  Foto: Thomas Winje Øijord/NTB

Næringsliv

Brimer Servitech AS på Kvamsøya skulle betale ei rekning på over 122.000 kroner til rådgivingsselskapet Reksund i Kristiansund, men hackarar hadde fått tilgang til domenet og e-posten til Reksund og betalinga gjekk i staden til svindlarane.