Går på børs onsdag:

Regional kapital viktig for satsing på psoriasismedisin

Ein ny fabrikk til 200 millionar skal byggast i Hovdebygda. Her skal dei lage medisin basert på silderogn. Sunnmørsk gründerånd og kapital har gjort det mogleg.

Laboratorium: Arctic Bioscience har laboratoriet sitt i Hovdebygda. Frå venstre Hogne Hallaråker, Harald Nordal, Thomas Bakka, Per Christian Sæbø, Federico Petruccelli, Sigrun Knardal og Daniele Mancinelli.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

– Seinare i år skal spaden i jorda på fabrikken. No kan vi synleggjere verdiane for dei som har trudd på oss. Og det dei har trudd på er folka her, seier styreleiar Harald Nordal i Arctic Bioscience AS.