Stabil drift for Fjord1 i utfordrande tid

– Fjord1 har tatt posisjon som det mest miljøvennlege ferjeselskapet i verda

Fjord1 har no 30 elektriske ferjer, og elektrisitet utgjer 40 prosent av drivstoffbruken i ferjeselskapet.

Elektrisk: Fjord1-ferja M/F «Rovdehorn» på veg frå Sykkylven til Magerholm. Arkiv  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Nye, elektriske ferjer har gitt lågare driftskostnader og auka marginar for Fjord1, ifølgje ei børsmelding fredag.