Trur tau stammar frå oppdrett

Ei mengde med tauverk, fortøyningar og anker er observert tre stader i sjøen i Fjord kommune.

Opprydding: Fiskeridirektoratet trur tau som er funne i Storfjorden stammar frå blåskjeloppdrett for over ti år sidan. (Illustrasjonsbilde)  Foto: Knut Arne Aarset

Næringsliv

Det skriv Fiskeridirektoratet i eit brev dei har sendt til selskapet Seafarmers AS i Ålesund. For over ti år sidan dreiv selskapet oppdrett av blåskjel i Storfjorden, og direktoratet har difor gjeve selskapet eit fohåndsvarsel om pålegg om opprydding.