Maritimt Forum Nordvest:

– Fleirtal for ein meir aktiv maritim politikk

Vil ha fond: Denne trioen møtte pressa då Maritimt Forum la fram sitt forslag til ein fondsmodell for resirkulering av offshoreskip torsdag 11. mars. No er det fleirtal i næringskomiteen på Stortinget for å få på plass ei slik ordning, ifølgje Maritimt Forum Nordvest. Frå venstre på bildet ser ein Stig Remøy, administrerande direktør i Olympic Shipping, Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar i Maritim Forum Nordvest og administrerande direktør i Green Yard Group, eigar av Green Yard Kleven, Hans Jørgen Fedog.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL, Vikebladet Vestposten

Næringsliv

(Vikebladet Vestposten): Maritimt Forum Nordvest er svært godt nøgde med det arbeidet næringskomiteen på Stortinget har lagt ned i si innstilling til Maritim Stortingsmelding. Det skriv Maritimt Forum Nordvest i ei pressemelding torsdag.