Skulle hjelpe K A Aurstad til å unngå konkurs:

Reagerte kraftig på avtale på bakrommet

– Det er vanskeleg å hjelpe ei bedrift når ting blir halde skjult. Eg blei ganske forbanna, sa Runar Nilsen i Recore Norway då han vitna i Aurstad-rettssaka tysdag.

Rettssak: Søre Sunnmøre tingrett har sett av åtte dagar til rettssaka etter K A Aurstad-konkursen. Dei fleste vitna er med digitalt.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Hausten 2018 kom konsulentselskapet Recore Norway inn for å vurdere korleis K A Aurstad kunne bergast. Dette skjedde på oppdrag frå DNB, som var hovudbanken til Aurstad-selskapet som gjekk konkurs i desember 2018.