Rettssak etter Aurstad-konkursen

Stemninga var amper, men Aurstad-sjefen avviser dårleg samarbeid med konkursbu

Aurstad-direktøren meiner han var på tilbodssida og ikkje hadde eit ønske om å gjere bubehandlinga vanskeleg.

Direktør: Jo Stian Tverberg kom inn som administrerande direktør i våren 2018, nokre månader før K A Aurstad gjekk konkurs. Han vitna i Søre Sunnmøre tingrett tysdag.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

– Eg opplevde at vi hadde eit profesjonelt samarbeid med buet, sa Jo Stian Tverberg då han vitna i rettssaka mot Cato Aurstad tysdag.