Kom fram til Kongsberg Maritime

Thrusterane er heime att i Ulsteinvik

Plassjef Geir Sundal og prosjektleiar Finn Arild Myklebust ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik kan konstatere at thrusterane som var om bord då lasteskipet Eemslift Hendrika har fått ein god del juling. Denne veka var thrusterane framme ved målet i Ulsteinvik.   Foto: Jorulf Myrene

Næringsliv

(Vikebladet Vestposten) Landets mest omtalte thusterar, dei seks thrusterane som var om bord i det nederlandske lasteskipet Eemslift Hendrika, er no endeleg komne fram dit dei skulle, til Kongsberg Maritime i Ulsteinvik.