Eit langt steg nærare søndagsopne butikkar:

Denne bygda kan få status «typisk turiststad»

I Stordal er det om lag like mange hytter som det er bustadhus. Hytteturistar er difor eit svært viktig grunnlag for daglegvarehandelen i bygda, som bør få halde søndagsope.

Stordal: Fjord kommune søkjer Statsforvaltaren om løyve til søndagsopne butikkar i Stordal, ved å gje bygda status som typisk turiststad. (Arkivbilde) 

Næringsliv

Det er bodskapen i eit brev kommunedirektør Karl Andre Birkhol i Fjord kommune har sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, der han søkjer om at gjeldande forskrift om «typisk turiststad» for Norddal, også skal omfatte Stordal.