Reiselivsnæringa tiner opp igjen – kva no?

Då pandemien kom, måtte turistnæringa plutseleg stenge ned. No opnar dørene igjen, men ting er ikkje som før.

Reiselivsepisode: Frå venstre: programleiar Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten, Ina Eldøy, daglig leiar ved Stranda Hotell og reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Kva har vore det tøffaste med nedstengingane for dei som jobbar med reiseliv? No lyser det stadig sterkare i enden av tunnelen. Er noko endra for alltid, og kva for nye mogelegheiter har reiselivsnæringa post korona?



I denne episoden får vi høyre kva reiselivssjef Tom Anker Skrede meiner er vert det aller viktigaste for reiselivet i tida framover.

Reiselivssjef: Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.  Foto: Staale Wattø

Hotellsjef Ina Eldøy meiner vi frokostbufeeten bør skrotast for godt. Elles har ho også kjøpt ein mobil restaurant som kjem til kundane, ikkje motsett.

Hotellsjef i Stranda: Ina Eldøy er dagleg leiar ved Stranda Hotell.  Foto: Staale Wattø

Vi har også tatt turen ut på gata for høyre korleis folk tenker å nytte sommaren.

Har du tips, ris eller ros? Send gjerne ein e-post til tarjei@smp.no. Likar du podkasten? Gjerne del innhaldet på sosiale medium og gi ein tommel, hjarte eller stjerne der du høyrer podkast.

Mar vert laga av Tarjei Engeset Ofstad. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.

Her er alle episodane som er gitt ut så langt. Finn eit tema du interesserer deg for: