Sterke reaksjonar frå dei Kongsberg-tillitsvalde

Kongsberg skal flytte thruster-produksjon frå Sunnmøre til Finland. Det reagerer dei tillitsvalde sterkt på.

Tillitsvalde reagerer: Frå venstre: Sverre Thorsø i Fellesforbundet, Jan Ove Gjerde frå NITO, Are Folkestad i Tekna, Håkon Ulstein i FLT, Arne Baastad i Negotia, Eddy Nynes i NITO og Oddbjørn Myklebust i Negotia.   Foto: Linda Eikrem/Vikebladet Vestposten

Næringsliv

Fagforeiningane i Kongsberg Maritime i Ulsteinvik kjem med sterke reaksjonar etter at det torsdag vart kjent at selskapet flyttar thrusterproduksjonen frå Ulsteinvik til fabrikken i Rauma i Finland.