Steinsvik Olivine nektar å betale dagbøter

Volda kommune har lang i tid kravd at Steinsvik Olivine i Dalsfjorden asfalterer anleggsvegen sin, før den kan brukast til utkøyring av masse. Til no har kommunen sendt ut to fakturaer på til saman 70.000 kroner i bøter.

Eksportør: Welsvik har avtale om totalt seks utskipingar av olivin i år, der fyrste båten forlét Dalsfjorden 28 juni. I 2019 gjekk bedriften med nesten 2,2 millionar kroner i overskot.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad (arkivbilde)

Næringsliv

Sunnmørsposten rettar: I første versjon av saka sto det at dagbøtene kjem av at selskapet ikkje har imøtekome påbod om å asfaltere veg, samt at dei ikkje har leia vatn i naturleg elveløp. Det siste er feil. Bøtene knyter seg berre til at påbodet om asfaltering ikkje er etterkome. Det sto også i bildetekst at det var Welsvik som starta drifta i 2004. Det presise er at han var styreleiar, ikkje initiativtakar.