– Nesten kvar dag sidan midten av juni har det vore ny rekord

Sjølv om koronapandemien også i år har sett ein stoppar for store delar av den utanlandske turismen, er «norgesferie» framleis svært aktuelt blant nordmenn. Det gir gode tal for næringslivet i Lodalen.

Turistperle: På ettermiddagen fredag 23. juli hadde nærare hundre turistar tatt turen til Breng i Lodalen for å nyte sommarferien.  Foto: Lene Flataker

Næringsliv

Loen, som er kjend for alt frå gondolbana til det turkise brevatnet, trekkjer til seg tusenvis av turistar år etter år. I slutten av juli tok Sunnmørsposten turen til Lodalen for å sjekke stoda.