Næringslivstoppar på Rundesymposiet 2021:

Meiner verfta er ein del av løysinga

– Det er rikdommens forbanning no. Vi er ikkje svoltne nok, meiner Stig Remøy. Både han, Gunvor Ulstein og Per Sævik meiner ein del av løysinga for det grøne skiftet ligg i å bevare dei norske verfta.

Rundesymposiet: Per Sævik (f.v.), Gunvor Ulstein og Stig Remøy deltok under Rundesymposiet der temaet var «Havnasjonen Norge: Det grøne skiftet er blått.» Til høgre Sissel Rogne, direktør i Havforskningsinstituttet.  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

Tre sentrale næringslivsleiarar på søre Sunnmøre fekk torsdag sjansen til å forklare forskarar og akademikarar kva dei meiner må til for å nå måla om ei grøn og utsleppsfri framtid. Det skjedde på Rundesymposiet 2021.