Bygdebyen veks - no kjem VoldaPortalen

- Det er ein voldsom stor aktivitet i dette området av Volda. Ferdige og planlagte byggeprosjekt kjem på over to milliardar kroner, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp).

Portal: Dette bygget blir mellom noko av det første du ser, anten du kjem ut av Rotsethorntunnelen, eller den planlagde Voldatunnelen. Difor namnet VoldaPortalen. (Illustrasjon)  Foto: Slyngstad Aamlid Arkitekter.

Næringsliv

– Dette er blitt eit svært attraktivt område. Vi skal bygge bustad- og næringsbyggprosjektet VoldaPortalen på ein stad der det er gåavstand til det meste, anten ein skal på skule, sjukehus, idrettsbygg eller fritidsaktivitetar, seier Arne Johan Rebbestad i Asko Eigedom.