Ny partnar i framtidslaben

Avtale: Frå venstre: Dagleg leiar i Sørsida AS Kirsti Slotsvik, dagleg leiar i Framtidslaben Marielle Furnes Mannseth og koordinator Kristine Oda Walderhaug Sæther signerer avtalen.  Foto: Framtidslaben

Næringsliv

Sørsida utvikling AS har inngått samarbeidsavtale med Ålesund kommune sin framtidslab. Sørsida utvikling AS leiar byutviklinga på sørsida i Ålesund sentrum. Avtalen er inngått for å få fart på ei framtidsretta by- og samfunnsutvikling ved at Sørsida og Framtidslaben med partnarar, skal samarbeide om smarte og berekraftige prosjekt.