Tillitsvald om resirkuleringskontraktane og Bollestad-exiten:

– Folk håpa heilt klart på ei anna nyheit

Nyheitene om at Kjetil Bollestad er ferdig i Green Yard Kleven og at verftet skal resirkulere fire tidlegare Solstad Offshore-skip - var ikkje det dei tilsette hadde størst håp om å få servert under allmøtet i kantina måndag.

Lite Jubel: Frank Hauge er plasstillitsvald for FLT ved Green Yard Kleven - og fortel at det ikkje var spesielt mykje jubel då nyheita om resirkuleringskontraktane blei lagt fram under eit allmøte måndag. Det var heller ikkje spesielt kjekt å få servert nyheita om at tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad ikkje lenger blir å sjå i leiinga ved verftet.  Foto: PRIVAT

Næringsliv

(Vikebladet Vestposten): – Eg må nok vere så ærleg å seie at dette ikkje var ei nyheit vi jubla spesielt mykje over. Eg seier ikkje det at meir arbeid ikkje er gledeleg – men dette er kontraktar som berre sysselset eit fåtal av dei som er her i dag, seier Frank Hauge, plasstillitsvald for FLT, den største fagforeininga på Green Yard Kleven, målt i talet på medlemmer.