Hofseth-selskap har saksøkt advokatfirma

Seafood Farmers of Norway engasjerte advokat for å krevje erstatning etter at eit skip øydela ei kai på Valderøya. Saka blei forelda, og no har selskapet saksøkt advokaten.

Stålkai: Seafood Farmers of Norway held til i Blomvika på Valderøya. Kaia som er utgangspunkt for rettstvisten er ei stålkai med tredekke, bygd i 1987.  Foto: Harald Skotheim

Næringsliv

I januar 2017 kolliderte eit skip inn i ei cirka 57 meter lang kai på Valderøya. Kaia måtte reparerast for nærare 2,4 millionar kroner.