Færre – men større skip

Trenden er den same over heile landet: Neste år kjem det færre, men langt større cruiseskip til Norge.

TURISTAR: Det kjem til å bli like folksamt på kaiene i Geiranger komande sommar, sjølv om det kjem færre skip. ARKIVFOTO: TERJE ENGÅS 

Eldre skip blir skifta ut med større og meir miljøvennlege farty

RITA BERSTAD MARAAK

SJEF: Rita Berstad Maraak er hamnesjef i Stranda kommune. 

FAKTA
  • «Anthem of the Seas», – Royal Caribbeans nyaste skip, byggjast i Tyskland og blir sjøsett i januar 2015.
  • Antall passasjerar: 4905
  • 348 meter lang, 41 meter brei.
  • 16 gjestedekk, 18 dekk totalt. 16 passasjerheisar.
  • Tonnasje: 167 800.
  • Antall restaurantar: 18.
  • Hastigheit: 22 knop.
Næringsliv
  • Neste år ser det ut til å bli 56 anløp i Olden, mot 72 i år, seier driftsleiar Sølve Oldeide i Nordfjord Hamn.
  • Hittil er det innmeldt 174 anløp til Geiranger. I år var det 203, fortel hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda.
  • I Ålesund er det så langt innmeldt 105 anløp, noko som er 20–25 færre enn i år, seier hamnekaptein Anders Bjørdal i Ålesund.

Ny gigant

Men både Geiranger og Ålesund får neste år besøk av ein heilt ny cruisegigant, Royal Caribbean Cruise Lines «Anthem of the Seas».

– Skipet er heile 348 meter langt og har plass til 4.905 passasjerar om bord, fortel Rita Berstad Maraak.

Det svære skipet legg til den flytande Seawalken i Geiranger 16. juni. Skipet kjem då frå Bergen, og skal deretter vidare til Ålesund.

Stabile passasjertal

Sjølv om det er ut til å bli ca 30 færre cruiseanløp i Geiranger neste år, så reknar hamnesjefen med at talet på cruisepassasjerar held seg oppe.

– I år var det nøyaktig 301.174 cruisepassasjerar her. Ettersom fleire av skipa neste år er større enn i år, så viser prognosane at det kjem om lag like mange passasjerar neste år, eller faktisk litt fleire, seier Berstad Maraak.

At båtane blir større skuldast ikkje minst at det for tida skjer ei utskifting i den internasjonale cruiseflåten: – Eldre skip blir skifta ut med større og meir miljøvennlege farty, forklarer hamnesjefen.

Trur på vekst

Skipa blir dessutan fullare enn før. Cruisenæringa reknar med stor vekst i den tyske og den asiatiske marknaden.

Neste års cruisebåtsesong i Geiranger startar 15. mars, når engelske «Saga Sapphire» siglar inn Geirangerfjorden.

Sesongen vert avslutta 19. september med eit besøk av tyske «Artania». Hittil er det klart at 28 av dei 174 anløpa vil gå til den flytande kaia Seawalk.

Nykommar

– Noko nytt, iallfall i mi tid her inne, er at Norwegian Cruise Line kjem til Geiranger. Det gjer dei neste sommar med skipet «Norwegian Star». Det ser vi fram til her inne, seier hamnesjefen.

Ho synest også det skal bli hyggjeleg å få besøk av nye «Queen Elisabeth» sommaren 2015.