Finanskrisa stoppa Kleven-sal

Kleven-familien hadde planlagt å selje seg noko ned som verftseigar, men så kom finanskrisa. No er planen å vere langsiktig eigar, men ein modell der familiemedlemer kan selje aksjar seg imellom, blir vurdert.

Tidlegare journalist i Sunnmørsposten, Torill Myren, er forfattar av boka «Bit for bit. Båt for båt».  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Dette kjem fram i boka «Bit for bit. Båt for båt» som blir lansert denne veka.

- Det er ikkje enkelt å kome seg ut av verftsbransjen, og det er ikkje så mange som vil inn utan at dei har ein eller annan relasjon til bransjen frå før, seier tre av eigarane i boka.

Les også: Verft skaper store ringverknader

12 søskenbarn eig i dag

Det er tidlegare journalist i Sunnmørsposten, Torill Myren, som er forfattar av boka om det familieeigde verftskonsernet. Ho har møtt styreleiar Kjersti Kleven, styremedlem Rigmor Kleven og varamedlem Elfrid Kleven Hanstad til ein samtale om generasjonsskifte og framtid.

Alle fire greinene i Kleven-familien er i dag representert i holding-styret for Kleven. Ifølgje boka arbeider flokken på tolv søskenbarn godt i lag. Dei er profesjonelle og understrekar at avgjerder ikkje blir tekne i juleselskap.

27 tremenningar blir arvingar

Neste generasjon Kleven er i alderen frå åtte år og til midt i 30-åra. Dei er 27 tremenningar som bur spreidd og har ulik bakgrunn. Nokre går maritim veg, men det er også ein komande sjukepleiar, ein banksjef og ein jusstudent i tredjegenerasjon Kleven.

Sist jul var tremenningane samle på Kleven og fekk innføring i drift, marknad, strategi, utbyttepolitikk og eigenkapitalmål. Informasjon skal setje dei i stand til å ta eit val om framtidig engasjement i konsernet.

Treng ikkje 90 prosent

Ifølgje boka er Kleven-eigarane sin strategi for å eige at dei skal kontrollere selskapet. Men dei treng ikkje eige 90 prosent som i dag.

Det kjem også fram at dei for nokre år sidan hadde ein plan om å selje seg ned, men finanskrisa gjorde det vanskeleg. Og det er no ei god stund sidan dette har vore jobba aktivt med.

Det som derimot blir diskutert er ein modell der familiemedlemene kan selje aksjar seg imellom. Dette ut frå ein tanke om å respektere ulike val, prioriteringar og behov.

Vil eige vidare

I boka gjer eigarane det klart at Kleven-familien i ei eller anna form skal eige over halvparten av konsernet.

For dei har tru på framtida. Ein viktig strategi for framtida er å vere internasjonale, slik at ein ikkje berre er avhengig av norske kundar.

Eit anna moment som blir trekt fram er at dokka på Myklebust verft aukar mulegheitene for god aktivitet. Noko anna er å ha kontroll på stålarbeidet. Robotar er også viktig.

Store investeringar

Eigarane har investert 400 millionar kroner på dei to verfta siste åra. Og det meiner den store investeringa er bevis for at dei ser føre seg ei framtid for verfta.

-Verfta skal overleve. Og så er også målet av vi skal drive så godt at det er interessant å vere med som eigarar, seier dei tre eigarrepresentantane i boka.

Når eigarane samanliknar utviklinga av Kleven sine verdiar, resultata dei har skapt, og samanliknar med børsen, så meiner dei det ikkje har vore noko dårleg investering å satse på Kleven.

100-årsjubileum

Boka blir gitt ut i samband med 100-årsjubileet i konsernet. Det er i år 100 år sidan den spede starten på det som no heiter Myklebust verft i Gursken. I 2001 blei Kleven verft og Myklebust Mek. Verkstad fusjonert inn i konsernet Kleven Maritime.

Verftet i Gursken er i aktivitet det nest største skipsverfet i Norge, medan Kleven-verftet på Dimna i Ulstein er det største.