– Har stått på i alle år

Fellesforbundet kommenterer nedlegginga i Hjørungavåg.

Gina Bjørdal i Fellesforbundet ved Rolls-Royce Marine i Hjørungavåg.  Foto: Johan Behrentz

Næringsliv

– Det er veldig leit at det har kome til denne situasjonen. Alle veit at det har vore usikre tider. Og dei tilsette har stått på og gjort sitt beste i alle år. Derfor er det ekstra leitt at det no må leggjast ned, seier tillitsvalt Gina Bjørdal i Fellesforbundet ved Rolls-Royce Marine i Hjørungavåg.

Så håper ho at dei tilsette får vere med i den vidare prosessen med å gje arbeid til dei som er tilsett på denne lokasjonen.

– Det er viktig at alle får god informasjon, understrekar Bjørdal. – Det må synke inn, dette, legg ho til.

Bjørdal seier vidare at dei tilsette har lang erfaring, mellom 10 og 40 års erfaring.

Les også: Meiner regionen er taparen

– Ikkje uventa

Per Halvard Garnes er tillitsvalt i Forbundet for Ledelse og Teknikk (FLT) i Hjørungavåg.

– Dette har eg personleg venta på i to år. Det har vore store underskot og det har vore mykje ledig kapasitet.

Han trur at fleirtalet av dei som jobbar her forstår kvifor dette blir gjort. Han har vore med på fleire opp- og nedturar i marknaden, dette er for han den verste nedturen.

Mot slutten av veka skal dei ha drøftingsmøte med leiinga ved bedrifta om situasjonen.

Les også: – Nok ei dramatisk melding frå Rolls-Royce

Behalde Sunnmøre

Dei tilsette er også organisert i Nito, Tekna og YS.

– Det er viktig at alle krefter no samlast for å behalde flest muleg arbeidsplassar her på Sunnmøre, seier avdelingsleiar Tom Rian i Nito Møre og Romsdal.

Les også: Legg ned fabrikk med 200 tilsette

– Nito Møre og Romsdal ønskjer å behalde flest mulig ingeniørplassar her i fylket. Når produksjonen i Hjørungavåg skal flytte, ønskjer vi sjølvsagt å behalde den på Sunnmøre, seier Rian. – Eg vil ta kontakt med presidenten i Nito og sjå på kva Nito sentralt kan gjere. Vi ønskjer jo at kunnskapsbasert industri skal vere i Norge, det er svært viktig for Nito.

– Men det aller viktigaste no er at vi i Nito no vil gå inn og gi støtte til dei av våre medlemmer som eventuelt blir råka av ei nedbemanning, legg Rian til.

Onsdag ettermiddag var Smp.no i kontakt med fleire i Fellesforbundet sentralt og regionalt. Ingen av desse var orientert om nedlegginga og hadde ingen kommentar.