Her blir kjempeskipet sjøsett

– Vi vaks oss nesten ut av dokkhallen med dette rekordprosjektet, seier prosjektleiaren.

Under utdokking.  Foto: Ulstein Group

Under utdokking.  Foto: Ulstein Group

Svein Brekke er prosjektleiar for kjempeskipet.  Foto: Ulstein Group

Onsdag føremiddag vart helikopterdekket løfta på.  Foto: Ulstein Group

På sjøen.  Foto: Ulstein Group

Næringsliv

– Skipet var allereie i utgangspunktet eit rekordstort skip for oss. Etter ein endringsordre frå reiarlaget auka skipet både i lengd og breidd og vekt, seier prosjektleiar Per Svein Brekke i ei pressemelding frå Ulstein Group.

– Vi vaks oss nesten ut av dokkhallen med dette rekordprosjektet, seier Brekke, som sjølvsagt følgde spent med under utdokkinga tysdag kveld.

Onsdag føremiddag vart helikopterdekket løfta på.

Island Venture er eit offshorekonstruksjonsskip eigd av Island Offshore og amerikanske Edison Chouest Offshore (ECO).

Med ei lengd på knapt 160 meter og breidd på 30 meter er dette det største skipet til no frå Ulstein Verft.

– Den auka lengda har gitt endringar på maskin- og elektrosystem, og ei generell oppdimensjonering av ein del system. Breidda er auka ved å sette på tankar, såkalla sponsoonar, som er sveiste på skutesida. Endringane gjer at tankkapasiteten har auka, og dekksarealet er nesten 600 kvadratmeter større, seier Stig Andor Engen, som er koordinator på prosjektet.

– Det er montert eit stort mezzanindekk på akterskipet. Den store 400-tonnskrana vert oppgradert med vaier ned til 4.000 meter. Eit «Emergency Shutdown System» er også blant dei store tillegga som er med i ordren, seier han.

Skipet har tre moonpoolar (opningar i skroget) der den største måler heile 10,2 gongar 10,2 meter. Den store moonpoolen kan bli nytta til oppgåver som å sette ned utstyr og kablar på havbotnen, medan det er fjernstyrte miniubåtar (ROV-ar) som skal settast ned gjennom dei to mindre moonpoolane.

Skipet er eigd i fellesskap av Island Offshore i Ulsteinvik og USA-baserte Edison Chouest Offshore. Det er sistnemnde som skal drifte skipet, difor ber skipet deira fargar og logo. Skipet er planlagd for levering i fjerde kvartal 2015.

Skipet skal vere ferdigstilt til 28. november, og skal gå til til USA etter levering.

– Skipet skal driftast av ECO. Per i dag har skipet ikkje jobb, seier Marianne Hovden, kommunikasjonssjef ved Island Offshore.