Ny milepæl for Ulstein Verft

Med 130 inviterte gjester frå inn- og utland, er det i dag klart for historisk båtdåp ved Ulstein verft: Skip nummer 300 skal døypast.

Nybygg Skipet med namndet "Polar Onyx" er eit subsea konstruksjonsfartøy av Ulstein-designet SX121.  Foto: Ulstein verft/Marius Bech Dale

Ferdig Ulstein Verft har over 450 tilsette. Også mange underleverandørar har gjort sitt for å få båten ferdig til dåpen i dag. Med på bildet er frå venstre planleggjar Tanja Lien, prosjektleiar Lidvar Lillerovde, adm dir. Kristian Sætre, senior produksjonsrådgjevar Arne Kjell Ertesvåg og teknisk sjef Vidar Gjerdsbakk. 

1988 Hundre båtar er bygde sidan fabrikktrålaren «Northern Eagle» i 1988 var bygg nummer 200 frå Ulstein Verft. 

1957 Bilferja Torulf var første stålbåt frå verftet i 1957, men Havsulen frå 1919 er rekna som første båten frå Ulstein verft. 

Næringsliv

Sidan 1917 er det bygd 300 båtar ved verftet i Ulsteinvik. Og bygg nummer 300 – «Polar Onyx» – er eitt av dei største og mest avanserte i verftet si historie.

– Det er heilt utruleg for ei utvikling det har vore, spesielt på storleik og komplisitet, konstaterer Arne Kjell Ertesvåg, som no er senior produksjonsrådgjevar ved verftet.

Kjempekran

Det staselege skipet som ligg til kai ved verftet skal brukast offshore, og frå skipet skal ein operere på store havdjupn. Den eine krana som skipet er utstyrt med, skal kunne løfte 250 tonn ved 14 meters utstrekk.

Skipet har også to fjernstyrte miniubåtar.Rieber-båten som blir døypt i dag er også eit lite jubileum for Arne Kjell Ertesvåg. Han har nemleg hatt ansvar for produksjon og levering av 90 av dei 300 båtane som er levert frå verftet.

Følgjer båtane

Bygg 72 og 73 var første båtane Ertesvåg var med på. Dette var to supplybåtar bygde for Maersk.

Som eksempel på utviklinga trekkjer han fram første 704-båten han var med på å byggje. Då starta dei første motoren måndag og den andre tysdag. Så var det prøvetur og slepeprøve, før båten blei levert laurdag.

– No bruker vi åtte-ti veker, og det seier litt om utviklinga. Før var alt mekanisk, men no er alt styrt av data, seier Ertesvåg.

Nøkkelpersonane Sunnmørsposten møter denne dagen, fortel at dei får spesielle forhold til båtane dei er med og byggjer.

– Det blir som barn som fer ut i verda og studerer. Du følgjer med dei vidare, smiler kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim.

Ertesvåg hugsar dei fleste båtane. Det gjer også planleggjar Tanja Lien.

– Når eg ser hurtigruta «Polarlys», så tenkjer eg at den har eg vore med og bygd, seier Lien som starta karrieren som sekretær ved verftet for 20 år sidan. Første båten var nummer 237. No har ho vore planleggjar for 19 skip.

Imponert

Når Sunnmørsposten er innom verftet få dagar før dåpen, er det siste innspurt. Og adm.dir. Kristian Sætre er tydeleg nøgd med den leveringsklare båten. Og han rosar dei som har vore med på prosjektet.

– Vi har mykje god kompetanse og flinke folk. Og eg er imponert over kor mange detaljar som skal på plass og som stemmer til slutt, seier Sætre.

I eit prosjekt av denne storleiken er det gjerne også opp til 200 underleverandørar med. 90 prosent av dei er nasjonale, og svært mange av dei igjen er lokale.