Mykje gammal sild, og lite nyrekruttering. Det er ein av konklusjonane frå det store vintertoktet på norsk vårgytande sild, som nyleg er avslutta.

– Gytebestanden ser ut til å vere på veg nedover, men det er usikkerheit knytt til estimatet, fordi silda stod veldig tett, sa forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskningsinstituttet på årsmøtet til Fiskebåt i Oslo.

Saumfart kysten

Gytetoktet på nvg-sild, som er ein del av «pelagisk dugnad», har vore utført med sju ringnotbåtar. Kysten er saumfart frå Ålesund til Troms, også med dekning vestover i Norskehavet.

– Hovudtyngda av silda stod ved Træna, men det var også mykje sild tilbake i overvintringsfjordane i Troms, sa Huse.

Meir frå årsmøtet: – Subsidiering forsterka offshore-krisa

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Fiskarane har lenge hevda at det står mykje gytesild vest i Norskehavet som forskarane ikkje har rekna med tidlegare. Toktet ser ikkje ut til å ha stadfesta dette.

– Men vi fann ein god del sommargytarar i vest, og det var overraskande, sa Geir Huse.

En av fire sild er 12 år

Det store biletet er forsterka. Det vil seie at gytebestanden av sild er dominert av 2004-årgangen. 40 prosent av silda er 12 år gammal. Forskarane er uroa over at det ikkje har vore vellukka nyrektruttering på mange år.

– 2004-årgangen dominerer, og det kjem ikkje opp nye sildeårsklasser, sa forskingsdirektør Geir Huse.

Sildeforskarar på tokt (krever abonnement)Endeleg kjem silda

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Men det er diskusjon i forkingsmiljøet om metodane og dermed estimeringa av bestanden.

– Ekkolodd er ein usikker metode for å kartlegge sild. Det kan forklare forskjellen mellom det forskarane og fiskarane ser i havet, sa havforskar Jens Christian Holst, som er sjølvstendig havforskar, og jobbar for «pelagisk dugnad».