– Vi har ein stor og eksplosiv makrellbestand, sa direktøren for Havforskingsinstituttet til Sunnmørsposten nyleg.

Ices (International Council for the Exploration of the Sea) går likevel inn for å redusere neste års kvote dramatisk. Årets råd på 944.000 tonn er nesten halvert til 560.000 tonn.

Fiskebåtreiarane går kraftig ut: – Dette vil svekke tilliten til ICES som rådgivingsinstans, seier adm.dir. Audun Maråk i Fiskebåt.

Store pengar

I år har reiarane fått like under ni kroner kiloen for makrell.

100.000 tonn utgjer dermed nærare ein milliard kroner.

I tillegg kjem interessene til fiskeindustrien på land.

Ei nesten halvering av kvoten kan dermed få store konsekvensar.

Kritiserer Island for overfiske

Fiskeriminister Per Sandberg vil ikkje rette kritikk mot ICES. Han kritiserer heller land som driv det han omtalar som eit betydeleg overfiske.

– Eg vil ikkje vere med på å kritisere ICES. Slik eg forstår det, er ein del av forklaringa på det lave kvoterådet at det har gått føre seg eit betydeleg overfiske på bestanden i 2017, noko som må sjåast i samanheng med at enkelte kyststatar ikkje har slutta seg til makrellavtalen mellom EU, Færøyane og Norge, skriv Sandberg i ein kommentar til Sunnmørsposten.

Sjølv om Sandberg ikkje seier det, er det særleg Island som har blitt kritisert for overfiske.

Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt, seier det slik:

– Eg har ikkje lyst til å skulde på andre, men ansvaret er først og fremst islandsk. Det Island seier er at «så mykje greier vi å fiske, derfor skal vi ha det som kvote». Det er den islandske tilnærminga, ifølgje Maråk.

Sprikande data

Kva som blir utfallet av årets forhandlingar vil Sandberg ikkje spekulere i. Både toktdata og fangstdata viser ein betydeleg auke i makrellbestanden.

Fleire forhold trekker samtidig ned, ikkje minst data frå eit eggteljingstokt som blir køyrt kvart tredje år. Men det norske Havforskingsinstituttet er ikkje lenger med på eggteljingstoktet fordi dei meiner det gir for dårleg informasjon.

Audun Maråk er sikker på at ICES tar feil.

– For nokre år sidan var makrellen som var 6-7 år gjerne over 600 gram. I dag er den same makrellen i overkant av 400 gram, seier Maråk og meiner det tyder på at det har blitt veldig tett med makrell i havet.

Meir makrell i norsk sone

ICES tar også høgde for at makrellbestanden berre har flytta seg lenger nord.

Det gir uansett legitimitet til ein større norsk del, meiner Audun Maråk i Fiskebåt. I dag får Norge fiske rundt 20 prosent av totalkvota.

– Den norske delen har dei siste åra vore for lav, og det blir forsterka med meir nordleg utbreiing. Kva er rett? 30-40 prosent ut ifrå bestandens utbreiing i tid og volum, meiner Maråk.

– 20 prosent ned

Maråk har i år inga tru på at Norge, EU og Færøyane vil følgje rådet frå ICES. Den interne avtalen er at endringa frå eitt år til neste ikkje skal bli større enn 20 prosent.

– Vi skal ikkje bli overraska dersom det blir bestemt at vi skal fiske ned mot 800.000 tonn, seier Audun Maråk.

Havforskarane på si side understrekar at dei i første rekke jobbar langsiktig.

– Vi jobbar langsiktig i arbeidsgruppene for å redusere uvissa i bestandsråda, og har også sterkt fokus på dette gjennom forskings- og utviklingsprosjekt på Havforskingsinstituttet (REDUS-prosjektet). Dei siste åra har vi satsa betydeleg på makrell, og har fått inn tråltoktet og nye merkedata i bestandsvurderinga på makrell. Dette blir viktig for å styrke arbeidet med bestandsrådgiving på makrell framover, skriv Geir Huse ved Havforskingsinstituttet i ein e-post til Sunnmørsposten.