Sigurd Teige overtar fiskebåtreiarlag i Austevoll

Kjøper alt med fartøy og kvotar.

MS «Haugagut».  Foto: Bernt Sortland

Fiskeri

Herøy-reiar Sigurd Teige melder at han har inngått avtale med Drønen Havfiske om overtaking av selskapet Haugagut As i Austevoll. Oppkjøpet omfattar ringnotsnurparen MS «Haugagut» og fartøyet sine kvotar, som er på kolmule, lodde, makrell og sild.

Tidlegare har sunnmørsbåten «Granit» blitt selt til Austevoll. No går altså handelen andre vegen.

«Haugagut» er eit av de nyaste fartøya i den norske fiskeflåten, og vart overlevert frå Karstensen Skipsverft til Drønen Havfiske i 2015.

Båten vil etter overtakinga 18. desember få navnet MS «Leikvin». Teige legg opp til å drive båten vidare ut frå Austevoll, utan at arbeidsplassar der går tapt, ifølgje pressemeldinga frå Teige.

Der står det også at Drønen Havfiske As har planlagd salet sidan i sommar, og dei fortel at det har vore betydeleg interesse for kjøp av fartøyet. Salet kjem i samband med komande generasjonsskifte i reiarlaget.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fiskeri