– Nyvinnande fiskefartøy frå Marin Teknikk

Dette blir verdas største line- og snurrevadfartøy og får både filetfabrikk og batteripakke.

Marin Teknikk har gjort avtale med reiarlaget Østerfjord AS om design og engineering til ein nyvinnande fiskebåt. Teikning: Marin Teknikk 

Fiskeri

Marin Teknikk i Herøy har inngått avtale om det dei omtaler som eit nyvinnande fiskefartøy. Fiskebåten blir utstyrt med autoline og snurrevad, og ein batteripakke skal redusere forbruket av diesel, opplyser selskapet i ei pressemelding.