Ekornes-konsernet sine fabrikkar i Norge tar juleferie frå og med fredag 21. desember og sender sine tilsette på juleferie fram til 2. januar med ein hyggeleg bonus i handa:

Bonusen til dei tilsatte ser ut til å verte 32 prosent av månedslønna, går det fram av ei børsmelding på Oslo Børs fredag ettermiddag.

På selskapet si juleavslutting ved hovudanlegget i Sykkylven i dag, fredag, vart det opplyst om at omsetjinga i 2012 er berekna til å verte 2,75 milliardar kroner.

I børsmeldinga vert det også opplyst at bonusnivået til dei tilsette er avhengig av at driftsmarginen før bonusar er i området 13-15 prosent av omsetjinga.

Ordreinngangen i 2012 ligg ellers under fjoråret.

Fjerde kvartal ser ut til å få ein ordreinngang på 780 millionar kroner, som er ca. 3 prosent lågare enn i 2011 (i faste valutakursar). Ordrereserven ved utgangen av året vert berekna til å bli ca. 300 millionar kroner, som er ca. 20 millionar lågare enn i fjor.