– Talet på 190 inkluderer både dei som er oppsagde, dei som har takka ja til sluttpakke – og dei som sjølv har valt å seie opp. 19 av dei som er oppsagde arbeider ved fabrikken i Hornindal, resten i Sykkylven.

Det fortel Fredrik Ødegård Nilsen, konstituert konsernsjef i Ekornes, til Sunnmørsposten.

Han seier at det er trist for leiinga i møbelkonsernet å gjere slike grep, men at situasjonen knytt til svikt i ordreinngangen gjorde at dei ikkje såg noko anna løysing enn å ty til oppseiingar.

Tilbod til alle over 62

Konsernsjefen legg til at det vart gjeve tilbod om sluttpakke til alle over 62 år. Og her var det 36 som takka ja til dette tilbodet.

Når det gjeld dei mange oppsagde så vil Ekornes forsøke å hjelpe dei vidare inn i nye jobbar, i den grad det er mogleg – eller gje tilbod om karriererådgjeving.

– Hovudfokuset vårt har vore å gjennomføre desse nedbemanningane på ein ryddig og skikkeleg måte. For dette er trist for alle dei som blir direkte råka.

Planane er lagt

– Ligg det an til fleire nedbemanningar i år?

– Nei, no har vi lagt kapasitetsplanen vår for 2023, og her er det ikkje planar om ytterlegare nedbemanningar. Men det er klart at vi har begynt på eit vanskeleg år. 2023 har starta OK i nokre marknader, andre stader har det vore dårlegare så langt, seier Frederik Ødegård Nilsen.

Han legg til at dei no har gått vekk ifrå firedagarsveke og igjen har full drift ved fabrikkane.