Stig Brautaset gjekk inn i stillinga som banksjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre for ei veke sidan.

No er det han som skal styre bankskuta med meir enn ti milliardar kroner i forvaltningskapital. I fjor vart overskotet etter skatt 32 millionar kroner. Brautaset kallar det eit svakt resultat prega av avsetningar for moglege tap på utlån.

– Det er utfordrande tider å drive bank, ikkje minst å vere ein relativt liten bank i distriktet, seier den nye banksjefen til Sunnmørsposten.Sjølv om banken rettar seg særleg mot personkundar og mot små og mellomstore bedrifter, har dei også lånt pengar til store lokalt eigde offshorereiarlag på Sunnmøre som no har vanskar med å betale gjelda.

Les også: Per Sævik om offshorekrisa: – Vi mistet respekten for milliardlån

Uro

– Vi ser på det med uro dersom eigarskapen til reiarlaga forsvinn ut av regionen. Er eigarskapen først borte, så er den borte. Dagens reiarar har nær kontakt til verft og designarar. Det vil ha langvarige effektar på næringsstrukturen og verdiskapinga i den maritime klynga dersom eigarskapen forsvinn, seier Brautaset.

– Både vi og andre bankar strekker oss derfor langt med å lette vilkåra, slik at reiarlaga kan halde det gåande framover medan dei ventar på betre tider, seier Brautaset.

Kapital-krefter

Kjell Inge Røkke gjekk i sommar inn med ein halv milliard kroner i Solstad Offshore og slukte Rem. Han har uttrykt at dei ikkje nødvendigvis er ferdig med det.

Ifølgje Aftenposten er det Alfred Berg Kapitalforvaltning og DnB Kapitalforvaltning som har kjøpt seg negativ kontroll i eit lån i Farstad Shipping.Brautaset avviser at det er Sparebank 1 som har gått inn i obligasjonsmarknaden.

Kjenne kundane

Som ein bank for søre Sunnmøre vil Brautaset at banken skal kjenne kundane sine endå betre.

– Ein må kjenne kundane godt, slik at ein ikkje låner ut der ein ikkje får pengane att, seier han.

– Vi ser at dei store bankane i større og større grad konsentrerer si verksemd rundt dei store byane. Her er vi motstraumsbanken, seier Brautaset.