Dette seier produktsjef/prosjekt leiar Børre Davidsen i Fora Form til Sunnmørsposten. Han og staben letta på sløret før avreise til Oslo og Pilestredet 75 c, Fora Form sitt faste utstillingsreir og oslokontor sidan 1985. Der blir den nye og faktisk heilstøypte stolkolleksjonen synt fram offentleg for første gong i dag, torsdag føremiddag.

– Eg må seie vi er umåteleg godt nøgde med det ferdige produktet, som skal inn i ein svært økonomisk pressa marknad.

– Våre hovudkundar, som kommunar og fylkeskommunar, er pålagde å handle billig uansett. Og her kjem vi dei i møte, uansett, lovar Davidsen.

Kina

Prisen å betale for denne konkurranseposisjonen er at sjølve stoldelene er støypte og sette saman i Kina, ikkje i Ørsta eller på Vestnes som tidlegare modellar.

– Slik er det berre, mot konkurransen som no gjer seg gjeldande også frå Sør-Europa er vi nøydde til å søkje rimeleg grovproduksjon for å henge med, seier Davidsen. Han opplyser at stolane kjem i konteinerar til Ørsta.

– Det vil seie at det er ein restproduksjon å hente ut på frabrikken i Ørsta?

– Ja, for all del, kanskje om lag 30 prosent av totalen. Mellom anna aluminiumsbjelkane som stoldelene er festa til vert monterte her, på linje med anna ferdigstilling, pakking og utsending til kundane, opplyser Davidsen. Han fortel vidare at trinn to er å utvikle konseptet frå denne modellen for eit reint undervisningsamfi, til også å passe i konsertsalar, kinosalar, teater og liknande.

– Vi har ein omsetnad på førti millionar kroner i året i denne marknaden, etter å ha fått leveransane til alle dei store norske teatera og andre prestisjekunar.

– No tek vi eit avgjerande steg vidare. Etter lansering i Oslo, Bergen og Stavanger no, er vi klare til å gå vidare internasjonalt, opplyser Davidsen.

Fin og fleksibel

– Kva er så spesielt med denne stolen, då?

– Han er lettmontert, lett å halde rein og samstundes svært robust. Han er fin å sjå på og har topp sitjekomfort. Vidare er han fleksibel med tanke på knaggar og små bord med topp funksjon. Totalt sett er dette eit produkt vi set høge voner til framover.

– Tilbakemeldingane på det vi har lekka ut er svært gode, oppsummerer Børre Davidsen.

<strong>Fora Form i Ørsta satsar stort på ny kolleksjon av amfi møblar møbel møbler til forsamlingsrom design utviklng 11.04.2013 Foto:</strong> Knut Arne Aarset