Sogn og Fjordane tingrett opna 15. november konkurs i selskapet Måløy Servicesenter AS.

Saksøkaren er siste registrerte styreleiar for selskapet, og har grunngitt konkurskravet med at vedkommande ikkje har fått utbetalt uteståande løn og feriepengar med til saman 125.253 kroner, og kravet gjeld derfor også uteståande løn og feriepengar.

– Når tilsette ikkje får lønn, har dei moglegheit til å begjære selskapet konkurs. Dette er ein sånn situasjon der ein tilsett ikkje har fått lønn og sender oppmoding om konkurs. Då har den tilsette kome i ein posisjon der vedkommande kan få løna dekt av staten, seier bustyrar Endre Rutledal til Fjordenes Tidende.

Han viser til at det ikkje er aktivitet i selskapet i dag. I dag blir bensinstasjonen i Deknepollen drive av Måløy Kro og Motell AS.

Det var Måløy Servicesenter AS som dreiv bensinstasjonen før dette, men drifta blei avslutta 31. juli 2023 då leigeavtalen med eigaren av bygget Måløy Sentrumsbygg AS blei sagt opp av ein aksjonær i Måløy Servicesenter AS på vegner av selskapet.

Den som har drive selskapet i praksis etter mars er ein aksjonær og ny dagleg leiar. Saksøkar veit ikkje kven som hentar posten for selskapet.

Skuldar pengar

Retten meiner det ikkje er grunn til å tru at saksøkte kan gjere opp gjelda si med eigne inntekter eller eigedelar, eller at problema berre er mellombelse. Dei viser til at drifta er avslutta og at selskapet står utan styre og dagleg leiar. Retten finn derfor at vilkåra for å ta kravet om konkurs til følge etter konkurslova er oppfylte.

Ifølge rettsdokumenta har selskapet uteståande gjeld til fleire fordringshavarar, og saksøkar kjenner til at minst to andre tilsette har uteståande løn og/eller feriepengar.

Til Fjordenes Tidende seier Rutledal at det er kreditorar i buet, men at han per i dag ikkje har oversikt over kor store summar det er snakk om.

Hele styret trekte seg

Styremedlemmene trekte seg i perioden desember 2022 og fram til august 2023. Saksøkar sende melding til styret allereie i januar 2023 om å ville trekke seg, men ingenting blei gjort av dei andre i styret. Saksøkar trekte seg formelt 3. juli 2023.

– Hele styret var fråtredd i august. Kva betyr det, og kva ligg til grunn for det?

– Eg veit ikkje per no kva som ligg til grunn, men viss alle i styret melder seg ut, er det ingen som driv selskapet. Selskapet blir då liggande og sove til staten seier at selskapet kan løysast opp , seier Rutledal.

– Er det vanleg at eit heilt styre går av?

– Som styreleiar har ein eit ansvar. Om ein ikkje føler at ein har det ansvaret lenger, er det lurt å fråtre.