– For oss her i Ulsteinvik så vil vi no ha godt med arbeid i produksjonen fram til levering juni neste år, seier Torkjell Ringstad i Kongsberg Evotec til smp.no.

Evotec har inngått avtale med det kinesiske verftet CSSC Huangpu Wengchong Shipyard om levering av to «Launch and Recovery System» (LARS) for fjernstyrt miniubåt.

Kontrakten inkluderer første leveranse av den nyleg patenterte K-Lars portrammeløysinga, i tillegg til eit moonpool-system.

– Vi er nøgde med å ha vunne vårt første anbod på vår nyaste, patenterte LARS-teknologi, seier Ringstad.

Frigir mykje plass

Med K-Lars blir det betre plass i hangaren til utstyr, vedlikehald av miniubåt og øvrig handtering.

– Den såkalla A-ramma er integrert i døra, i staden for at den står inne i hangaren der operatøren arbeider. Dette vil frigje veldig mykje plass for operatøren. Systemet passar perfekt til Jumeirah Offshores nye fartøy og mange andre dykkefartøy, seier Torkjell Ringstad.

Utviklar nytt i dårlegare tider

– Det patenterte systemet er eit produkt av dei litt dårlegare tidene innan offshore, der vi har brukt ressursane på å utvikle dette nye systemet, seier Ringstad til Sunnmørsposten.

Planlagt levering er juni 2016, då det skal installerast om bord på Jumeirah Offshore sitt avanserte dykkefartøy ST-246.

– I tillegg er vi glade for å samarbeide med Skipsteknisk, som vi har hatt et godt samarbeid med på seismikkprosjekter dei siste åra, held Ringstad fram.

Kongsberg Evotec opplyser at dei også har utvikla eit system med svært nøyaktig hivkompensering med eit minimum av effektforbruk. Kontrollsystemet gir operatøren kontinuerleg informasjon om kapasitetsutnytting, mengde regenerert effekt, historikk med meir, opplyser selskapet.