- Ingen arbeidsplassar går tapt, og saman skal vi bli sterkare, seier leiarane for dei to møbelprodusentane til Fjordingen, måndag.

Dei ser det også som ein styrke at dei får med seg Moods of Norway på marknadssida, men Jan Egil Flo i Moods forsikrar at det ikkje ligg føre planar om «Moods-møblar». Selskapet skal leige 3.600 kvadratmeter av lokala som blir ledige når Stryn Møbelindustri flyttar over til Tonning Møbelindustri.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Tonning Møbelfabrikk har ifølgje avisa i dag åtte årsverk medan Styn Møbelindustri har ni.

Silje Vollan som er dagleg leiar for Tonning Møbelfabrikk held fram som dagleg leiar i den nye verksemda, som får namn Tonning & Stryn AS.

Samanslåinga skjer frå sommaren av.

Les fleire næringslivssaker på smp.no