Kunden er CASCO Offshore, som er eit dotterselskap av TMA Group. Ulstein går dermed inn i endå eit nytt område i offshoremarknaden, skriv Ulstein i ei melding.

Følg smp.no på Facebook

Designet er vidareutvikla i tett samarbeid med CASCO. Mykje vekt har blitt lagt på investerings- og driftskostnadene for kunden, og behova innanfor sikkerheit, evne til å halde posisjon (DP3), komfort for mannskapet og logistikk om bord.

– Resultatet har vorte eit skip som er kommersielt svært attraktivt for eigaren, og som vil gjere det svært konkurransedyktig så fort fartøyet er levert i siste del av 2016, skriv Ulstein.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Skipet på 144,6 meter er designa for å gi personellet om bord lett tilgang frå arbeidet og til buområda, og ein har utvikla mest mogleg effektiv logistikk på tenester og forsyningar.

Fartøyet er unikt ved at det har separate buområde, fellesområde og arbeidsområde, heiter det.