Ekornes si avdeling på Grodås i Hornindal har dei siste åra arbeidd med å utvikle ein teknologi for å robotisere samansetting av treverk.

Sidan oktober 2013 har avdelinga hatt ordinær produksjon av sofaskrog med fem robotar.

– Dette er ei unik produksjonscelle i verdssamanheng, og ho er spesielt utvikla for Ekornes, og denne nye teknologien opnar for vidare automatisering ved våre anlegg i Norge, skriv Ekornes i ei pressemelding.

Ekornes skal markere at robotane no er godt inne i ordinær produksjon i samband med eit møte i Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane måndag.

Politikarane får ei omvisning ved fabrikken, og fylkesordørar Åshild Kjelsnes skal opne produksjonscella.