Tidlegare verftseigar og styreleiar i Kleven Verft, Tomislav Debeljak, er personleg saksøkt for 136 millionar kroner. Saksøkjar er Kleven Verft AS Konkursbu.

Hordaland tingrett har i løpet av fem dagar fått presentert ulike syn på det som skjedde før konkursen sommaren 2020.

Rettsmeklingsmøte mellom partane i saka er tidlegare blitt avlyst, men dommaren meiner no at partane må gjere eit nytt forsøk på å bli einige:

– Eg oppmodar partane om å snakke saman. Det er ei viss sannsynlegheit for at ein dom i denne saka vil gå til Gulating lagmannsrett. Det vil bli brukt mykje ressursar og tid. Det er gode advokatar på begge sider, og det er ei kjensgjerning at ein har ein tendens til å overvurdere si eiga side, sa tingrettsdommar Gard-Håvard Røren Sem-Onarheim før retten blei heva tysdag.

Han viste også til at det er mange moment som skal til for å få medhald. Og han kom også inn på at retten har høyrt at saksøkte personleg og selskapet hans er i ein vanskelege økonomisk situasjon.

I retten har det kome fram at DIV Group, som er eigd av Debeljak-familien, er under konkursvern. Det er opplyst at dette skuldast at banken deira er russiskeigd og blei sett på sanksjonslista i februar i fjor. Som følgje av dette har Debeljak minimale inntekter.

Også Tryg Forsikring er saksøkt. Debeljak har teikna ansvarsforsikring der, men forsikringa dekker berre 30 millionar kroner.

Då rettssaka starta var kravet frå konkursbuet 168 millionar kroner, men undervegs i rettssaka er kravet redusert.

Tysdag heldt retten fram med vitneforklaringar, blant anna med fleire kroatiske vitne. Om partane ikkje blir einige, blir vitneførselen avslutta onsdag. Då skal også konkursbuet halde avsluttande innlegg. Dei saksøkte skal etter planen ha sine avsluttande innlegg torsdag.

Oppdatering: Rettssaka held fram onsdag. Partane er altså ikkje blitt einige om noko forlik.