I 1. halvår hadde Ekornes eit driftsresultat på 149,5 millionar kroner. Dette er svært likt driftsresultatet første halvår i fjor, som var på 147 millionar kroner.

Men i juli har ordreinngangen vore lavare enn i fjor, 220 millionar kroner mot 253 mill. i juli i fjor.

Ordrereserven er no på 247 millionar kroner, skriv Ekornes i rapporten for første halvår. Dette er langt under ordrereserven for eit år sidan, som var på 362 mill.  Sjå også: Ekornes innfører firedagersuke

Stilt i Norge, USA lyspunkt

Særleg for madrassar er det fallande ordreinngang.

I Norge hadde møbelmarknaden ein liten auke i 1. halvår i forhold til fjoråret, men tendensen er fallande, og etterspørselen kan forventast å falle ytterlegare.

USA er eit lyspunkt, skriv Ekornes i rapporten, med ei positiv utvikling i 2. kvartal.

Ekornes vil i 2. halvår satse mot hotellmarkaden i Norden, mot skip-/offshore-marknaden og mot kontormøblar.

Ny standard

Resultatet etter skatt er forbetra for Ekornes frå 120 millionar kroner i fjor til 130 millionar kroner i år, etter rekneskapsføring utan sikringsføring.

Men med den internasjonale standarden IFRS viser rekneskapen ein kraftig reduksjonen i resultatet etter skatt. Sikringsbokføring har med svingingar i valutamarknaden å gjere. Med denne måten å bokføre på er resultatet kraftig redusert, frå 141 millionar kroner første halvår i fjor til 35,2 millionar kroner første halvår i år.

– Sikringsbokføring er eit krav frå Finanstilsynet og viser resultatet dersom vi hadde kansellert kontraktane og tatt dei opp igjen med dagens valutakursar, seier økonomidirektør Robert Svendsen i Ekornes om  i rapporten for første halvår som vart offentleggjort torsdag.

– Derfor viser sikringsbokføringa ikkje kva vi får betalt fram i tid, og har ikkje noko med vår inntening fram i tid å gjere. Krava er også under endring, fordi ein har sett utilsikta rekneskapsmessige konsekvensar, noko dette eit døme på, seier Svendsen til smp.no.

Les nyheiterfrå næringslivet på smp.no

Administrerande direktør i Ekornes, Lars Fredrik Drabløs. Foto: Arkivfoto