Dei Mørenot-tilsette Sunnmørsposten møtte fredag i Søvika, er glade og letta over at prosessen med å finne ny eigar til bedrifta er over. Og dei er nøgd med utfallet.

– Alle har venta på dette og visst i over eitt år at det ville skje noko. No er alle letta og positive til resultatet, fortel Ravi Subramaniyam.

Mørenot består av ulike selskap som lagar utstyr som garn, trål, tau og nøter til fiskeri, oppdrettsanlegg og offshore.

– Kan senke skuldrene

Torsdag kom meldinga om at Mørenot Holding blir selt til investeringsfondet FSN Capital – som vil gjere bedrifta til ein stor global aktør. Dei noverande eigarane – der ulike greiner av Hildre- og Ringstad-familiane dominerer – får moglegheit til å gå inn i eit nytt morselskap.

– Vi er veldig glade for at det framleis vil vere ei lokal forankring og at hovudbasen framleis vil vere i Ålesund-regionen. Det har vore usikkerheit – samstundes som det har vore spennande. No kan vi senke skuldrene og sjå framover og vite at arbeidsplassane er trygge, seier Ragnhild Løken Lie.

– Eg har vore spesielt redd for administrasjonen skulle bli flytta om vi skulle ha blitt selt til utlandet. Produksjonen er litt meir lokalt forankra, men eit sentralbord til dømes, kan ein jo ha kvar som helst, seier ho.

Les kommentar: «Er hele Sunnmøre til salgs?» (for abonnentar)

110 tilsette på Sunnmøre

Dei fleste av dei kring 110 tilsette på Sunnmøre jobbar i Søvika i Haram. Her er det administrasjon, hovudlager og produksjonslokale både til oppdrett, fiskeri og offshore. På Hildre i Haram lagast det tau og nøter, medan dei har trålproduksjon i Gangstøvika i Ålesund og eit salskontor i Fosnavåg.

– Eg veit det er mange som har vore litt bekymra. Om det hadde vore selt til ein konkurrent med fabrikkar i utlandet, har ein del frykta at til dømes fabrikken på Hildre kunne blitt nedlagd, seier Randi Hurlen.

Konsernet med nær 600 tilsette har levert gode resultat dei siste åra, samstundes som dei har vakse mykje. 2017 enda med ny rekordomsetnad – 870 millionar kroner.