I prosjektet ligg også ein ny tilkomstveg og ein plansilo, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Dei legg til at tilkomstvegen er allereie etablert og skal brukast som anleggsveg i byggeperioden.

Plansiloen er under arbeid, denne skal overtakast 15. mars 2023.

Auka kostnader

Kontraktssummen er på om lag 36 millionar kroner. Før tilbodsfristen i desember 2022, kom det inn fire tilbod i konkurransen. Alle tilboda var dyrare enn estimert, noko som medførte at prosjektet var over kostnadsramme.

– Krigen i Europa, og den store prisveksten på materialar, har gjort at det har blitt dyrare enn forventa. For å kunne halde oppe framdrift i prosjektet, vedtok fylkesutvalet å auke kostnadsramma til 62 millionar kroner, slik at kontrakten kunne signerast med beste tilbydar, heiter det i pressemeldinga.

Gjenbruk i fokus

Gravemaskinane på prosjektet skal vere utsleppsfrie, og det er eit mål om at 80 prosent av massane skal brukast opp att eller deponerast lokalt.

Prosjektet har også fått Klimasats-midlar som skal brukast til å planlegga for framtidig ombruk av materialar, i tillegg til å nytte brukte materiale og komponentar i bygninga.

Oppdatert opplæring

Eit av resultatmåla i prosjektet er at undervisningsfjøsen til ei kvar tid skal gi elevane opplæring i oppdatert teknologi for yrket. Det er planlagt for mellom anna avansert fôrutleggar, mjølkerobot og skraperobot i den nye fjøsen, påpeikar fylkeskommunen.

Arbeidet med detaljprosjektering av undervisningsfjøsen startar opp omgåande. Det er planlagt å starte opp arbeid på byggeplassen rundt påske.