Bedrifta i Hornindal har sett i gang eit treårig prosjekt til 21 millionar kroner, for å utvikle nye produkt og erobre ein global marknad med sal av geværskjefte dei neste tre åra.

– Dryl på har alltid vore mottoet mitt. Det er ikkje noko å vente på, smiler dagleg leiar Oscar Haugen når bedrifta markerer at det er nye tider og ein viktig milepæl i ei utvikling som skal ta bedrifta til nye høgder.

Millionar i støtte

Første året har bedrifta fått tilsegn om inntil 2,5 millionar kroner frå Innovasjon Norge og forskingsordninga Skattefunn. I løpet av tre år er planen å få til saman vel sju millionar i tilskot.

– Støtta er avgjerande for å få gjennomført det vi satsar på.Strategien som er meisla ut og som leia til offentleg støtte, er resultat av ein strategiprosess i regi av Møre og Romsdal bedriftsutvikling.

Jaktvåpen

Bedrifta lagar skjefte til jaktvåpen og til konkurransevåpen. Hittil har dei utvikla åtte ulike modellar, som kan leverast i 1290 variantar.

Skjefta blir selde gjennom forhandlarar i 14 land på alle kontinent, med unntak av Sør-Amerika. Dei er inne i USA, men no har dei store forventningar til at dei skal i forhandlingar med verdas største kjede som sel slike våpen.

Imponert

Sist månad var det slutt på all møbelproduksjon ved Grodås mønsterteknologi.

– Det er vemodig, men nødvendig, seier Oscar Haugen som er andre generasjon i bedrifta. I møbelfabrikken var dei på det meste ti tilsette. No er dei 13, men målet er å doble arbeidsstokken i løpet av dei neste to-tre åra. Også omsetninga og lønsemda skal kraftig opp. Ordførar Anne Britt Øen Nygård (Sp) er imponert over det bedrifta har fått til.

– Det er viktig å tenkje nytt for å overleve. Dette bedrifta kan bli noko veldig stort, og det skal bli artig å følgje med framover, seier Nygård om det som no skjer i bedrifta.