(Sunnmøringen) - For at reiarlaga skal ta investeringane med å skaffe best mogleg tilgjengeleg teknologi, må det vere ei sterk nok økonomisk interesse bak ei slik investering, skriv NHO i eit brev til Stranda kommune.
«Reiselivet er fortsatt ei viktig framtidsnæring»
Klargjere
Ny cruiserekord i 2018:
- Det vil på sikt bli færre av desse forureinande skipa i norske farvatn. Dette vil styrke vår profil og reiselivsnæringa i hele landet, hevdar NHO.
Konkurransevriding
Stranda spelar ei aktiv rolle for å få ned talet på forureinande skip i Geirangerfjorden, og seinast denne veka møtte ordføraren miljøvernministeren om saka. Stranda ønsker å få på plass krav som ikkje verkar konkurransevridande.
NHO skriv lite om konkurransesituasjonen i brevet til Stranda kommune, men oppmodar til at Hamneloven blkir revidert, slik at destinasjonane får større moglegheit til å bestemme kva for eit omfang omfang cruiseverksemda skal ha.
Har fått fleire klager: – Dei venta seg storslåtte naturopplevingar, frisk luft og reint vatn. I staden vart dei plaga av dieselstank
Miljøbussar
- Det er viktig å finne miljøvennlege alternativ for alle bussane og tenderbåtene som cruiseanløpa medfører. Her vil det vere behov for eit offentleg engasjement for å få til slike tiltak.
Det er eit viktig mål for norsk reiseliv at næringa skal vere «berekraftig» og dette er også i tråd med Stortingsmelding 19 om reiseliv som blei lagt fram og behandla av eit samla Storting 30. mai i vår.
Riktig retning
Det føreslådde regelverket er eit viktig skritt i riktig retning, vi ønsker at eit strengare regelverk skal blir utarbeidd for hele det vestlandske fjordlandskapet slik Veikartet foreslår, og vi håper Stranda kommune vil støtte departementets forslag i denne retning.